You are currently viewing Bryllupsblomar

Bryllupsblomar

Går du med gifteplaner? Er du opptatt av bærekraft? Likar du ein litt vilter og naturleg stil? Då er kanskje Dalahagen noko for deg. Eg kan tilby blomar i ulike variantar, enten du vil ha full pakke eller du vil kjøpe blomar som du kan setje saman sjølv. Kikk på bilda under for å sjå kva eg har gjort før, les litt om ulike prisar nederst på sida og ta gjerne kontakt for meir info!

Takk til Vigdis Øvreeide og Camilla Holm Birkeland for bilder

Døme på prisar:

Brudebukett: frå 1500,-
Knapphullsblomst: 150,-
Hårkrans til voksen: frå 400,- til 800,-
Hårkrans til barn: frå 300,- til 500,-
Borddekor: vil variere etter storleik og mengde, det kan vere småvaser med lave blomar eller meir formelle oppsatser.

Det er også mulig å kjøpe blomar i bøtte slik at du sjølv kan lage dekorasjonar slik du vil. Ei slik bøtte vil innehalde variert materiale etter sesong, både blomar, fyllblomar og pyntegrønt. Ei bøtte kostar rundt 1000,- og innheld minst 70 stilkar av ulikt slag. Du kan sjølvsagt kome med ønske om spesielle blomar og/eller fargar, så plukkar eg inn det som passar med ønska. Under ser du kva innhald ei slik bøtte kan ha.