Det er jo ikkje til å legge skjul på at snittblomar er ferskvare. Målet er at ein bukett frå Dalahagen skal kunne halde seg fin i ei veke. Nokre blomar vil ha kortare holdbarheit, som erteblomar eller georginer, medans andre kan halde lengre, som scabiosa og solhatt. Men buketten vil ikkje sjå lik ut gjennom veka, den vil forandre seg ettersom dagane går. Nokre blomar vil falme, mens andre knoppar opnar seg. Plukk vekk det visne undervegs og nyt synet av det som er vakkert så lenge det står.

Men det finst eit par triks ein kan ty til for å forlege levetida litt:

  1. Bruk holdbarheitsmiddelet du har fått med.
  2. La blomane stå så kjølig som mogleg, til dømes kan du setje dei i eit kaldt rom eller i kjøleskapet om natta.
  3. Ikkje set buketten i direkte sollys, men la den gjerne stå i godt lys
  4. Nokre typar frukt og grønskaer skiller ut etylengass som kan forkorte levetida til snittblomar. Hald difor blomane dine unna til dømes eple og tomater.
  5. Dersom blomane skulle byrje å henge litt med hovudet etter ein dag eller to kan du skjære/klippe av ein centimeter eller to, dyppe stilkane i kokvarmt vatn i ca 15 sekund for så å setje dei friskt, kaldt vatn. Då vil mange kunne hente seg inn igjen.
  6. Hvis vatnet blir uklart og grumsete kan det vere greitt å skifte til friskt vatn.