Dahliakveld

kr100.00

Velkommen til ein kveld i dahliaens teikn! Lær meir om historia til denne planta som har blitt enormt populær dei siste åra, få tips og råd om dyrking og stell, og kjøp knoller av fleire vakre og uvanlige sorter som me har for salg. 

På lager

Kategori:

Beskrivelse

Tid: Mandag 17. mars kl 19-21
Stad: Lystgården på Landås, Kanonhaugen 39

Kveldens program:

Dahliaens kulturhistorie – ei reise i tid og rom

Eit keiserrikes undergang, eit glemt manuskript i Vatikanbiblioteket, ei opprørsk engelsk adelskvinne, ei stormande kjærleikshistorie, rivaliserande botanikarar og skyhøge dusørar – dette er berre noko av det me skal få høyre om mens me følgjer dahliaens ferd inn i hagane våre. 

Dyrking og stell 

Me går heile vegen frå å vekke opp knollane om våren, til driving og utplanting, stell gjennom sesongen samt oppgraving og lagring av knollane om haust og vinter. Me ser også litt på bruk av blomane i dekorasjonar og bukettar. 

Kort presentasjon av ulike sortar me har for salg. Dette er sortar me sjølve skal ha i vår egen drift, det er hovudsakeleg høge sortar som er egna som snittblomar. Me har ein del overskudd til sals, både frå import i år og av knollar me har dyrka fram sjølv. 

OBS: du får ingen fysisk billett, men navnet ditt havnar på ei gjesteliste når du kjøper billetten. Kjøper du til fleire personar? Skriv gjerne inn namn i kommentarfeltet når du bestiller. 

Arrangørar:

Elisa Kolle har hovudfag i kulturvitskap og interesserer seg spesielt for plantenes kulturhistorie. Har jobba mykje innan formidling og undervisning, sidan 2018 har ho drive Dalahagen der ho produserer snittblomster for salg. 

Grete Overdevest er gartnar og driv familiebedrifta Gulen Gartneri, som produserer både grønsaker, honning, blomar og pyntegrønt til vinterens kransar og dekorasjonar.